Innleiing
Menneska tileigner seg kunnskapar gjennom heile livet, i ulike settingar og på ulikt vis. Teoriar om korleis denne tileigninga skjer kan vere utgangspunkt for korleis ein legg til rette for læring i skulen og i andre samanhengar der ein ynskjer å formidle kunnskap. Russaren Vygotsky var foregangsmannen for den sosiokulturelle læringsteorien, som går ut på at læring har opphavet sitt i eit sosialt samspel og at språkleg samhandling er ei forutsetning for at læring skal skje (Lyngsnes & Rismark 2011, s.71). Med denne teorien som utgangspunkt blir læraren si rolle å vegleie ved å stille spørsmål, gi hint og antydningar (Lyngsnes & Rismark 2011, s.64). Grunnen til at eg vel å skrive om Vygotsky i denne oppgåva, er at den sosiale læringsteorien er den leiande læringsteorien i dag. Ved å skrive om Vygotsky sin teori, vil eg få betre innsikt i kva teorien går ut på. Eg skal først gjere greie for hovudinnhaldet i den sosiale læringsteorien, før eg drøftar kva for konsekvensar læringsteorien kan få i praktisk undervisning.Vygotsky og den sosiokulturelle læringsteorien
Den russiske psykologen Lev Vygotsky formidla læringsteorien sin på 1920- og 1930-talet. Læringsteorien går ut på at kunnskapar, verdiar, haldningar og idear kun utviklar seg når menneske er i samspel med andre menneske (Lyngsnes & Rismark 2011, s.61).Ifølge Vygotsky er læring avhengig av at menneska som er tilstades i ein læringssituasjon har ein felles situasjonsdefinisjon (Lyngsnes & Rismark 2011, s.63). Med dette meiner han at alle som deltar i læringssituasjonen må ha ei felles forståing av kva læringsaktiviteten inneber. Dersom deltakarane har lik forståing av kva som foregår, kva for ytre rammer som ligg til grunn, kvifor ein bruker den gitte metoden og målet med aktiviteten, vil læraren lettare kunne legge til rette for læring.
Vidare er læringa avhengig av å gå føre seg i den nærmaste utviklingssona til den som skal tileigne seg kunnskap. Den nærmaste utviklingssona er definert som området mellom det eleven kan klare åleine, og det eleven kan greie med hjelp og rettleiing frå nokon med meir kompetanse på området (Lyngsnes & Rismark 2011, s.62). Læringa må altså byggje på kunnskapar eller erfaringar som eleven allereie sit inne med, noko også Piaget sin kognitive læringsteori fastslår. Avstanden mellom det eleven kan frå før og det eleven skal lære, må imidlertid ikkje vere for stor (Lyngsnes & Rismark 2011, s.82). Ein risikerer då å vere utanfor den nærmaste utviklingssona til eleven, og då vil ikkje eleven kunne tileigne seg kunnskap.
Innanfor den sosiokulturelle læringsteorien blir læraren si rolle å bygge stillas og assistere læring. Med å bygge stillas meiner Vygotsky læraren si vegleiing av eleven i form av å stille spørsmål som hjelp til vidare tenkning, peike på kritiske faktorar, lage strukturar og hjelpe eleven til å halde motivasjon og arbeidsmoral oppe (Lyngsnes & Rismark 2011, s.62). Teoretikarane Tharp og Gallimore har vidare utdjupa kva som blir meint med å bygge stillas, ved å gjere greie for korleis læraren kan assistere eleven i den nærmaste utviklingssona. Dei har definert seks måtar å assistere læring på, nemleg ved modellering, forsterking, tilbakemelding, instruksjon, stille spørsmål og kognitiv strukturering (Lyngsnes & Rismark 2011, s.66-67). Læraren si stillasbygging er med Tharp og Gallimore tydeligare definert og eksemplifisert.
Ifølge Vygotsky er språk den viktigaste faktoren for læring. “Språket er et redskap for å uttrykke ideer og stille spørsmål, og gjennom språket skapes begreper og kategorier for tenkningen” (Lyngsnes & Rismark 2011, s.61). Dei nemde forutsetningane for læring ovanfor er alle som ein avhengige av språket: samspelet mellom menneske er prega av språk, ein felles situasjonsdefinisjon kan kun drøftas ved hjelp av språk, den nærmaste utviklingssona til ein elev kan læraren kun få tilgang til gjennom språket og læraren er avhengig av språket for å byggje eit kognitivt stillas i læringssituasjonen.
Den sosiokulturelle læringsteorien i klasserommet
Samhandlingen mellom lærar og elev er essensielt i den sosiokulturelle læringsteorien, og ein konsekvens er at den tradisjonelle undervisningssituasjonen der læraren føreles for passive elevar ikkje gir meining innanfor denne teorien. Dialogar mellom lærar og elev, og sekvensar med spørsmål og svar blir difor betrakta som gode læringssituasjonar(Lyngsnes & Rismark 2011, s.103). Eleven er då i samtale med ein meir erfaren læringspartnar, som kan rettleie for læring.Teorien om at ein felles situasjonsdefinisjon må ligge til grunn for at det sosiale samspelet skal føre til læring, kan ein i praksis ta omsyn til ved å drøfte ein læringssituasjon med elevane på førehand. Om ein lærar til dømes skal starte opp eit prosjektarbeid, kan han avklare situasjonsdefinisjonen ved å innleie til diskusjon med elevane om kva dei forstår med prosjektarbeid, kvifor ein har prosjektarbeid, kva målet med arbeidet er og kva rammer det skal arbeidast innafor. På denne måten vil læraren kunne sikre at denne forutsetninga for læring ligg til grunn.
For å sikre læring må læraren legge til rette for at eleven kan ta i bruk den nærmaste utviklingssonen ved å velge ut og hjelpe til med å løyse oppgåver som innhaldsmessig peikar framover (Lyngsnes & Rismark 2011, s.68). Læraren må då kjenne kvar enkelt elev sitt aktuelle utviklingsnivå for å tilpasse oppgåvene til elevane sine nærmaste utviklingssonar. Vidare må hjelpen læraren gir “være tilgjengelig etter elevens behov, settes inn til riktig tid og i et omfang som er tilpasset eleven” (Lyngsnes & Rismark 2011, s.68). Vilkåret om å bruke den nærmaste utviklingssona til kvar enkelt elev er avhengig av at læraren kjenner den enkelte eleven svært godt. Vidare må måla for undervisninga være definert av det eleven er i stand til å nå i si nærmaste utviklingssone (Lyngsnes & Rismark 2011, s.89), noko som vanskeleg lar seg kombinere med at staten allereie har satt kompetansemåla i læreplanane.
Læraren si rolle, ifølge den sosiokulturelle læringsteorien, er å bygge stillas for elevane og legge til rette for at elevane kan bygge stillas for kvarandre (Lyngsnes & Rismark 2011, s.68). Som allereie nemnt, gjer læraren dette ved å stille spørsmål som hjelp til vidare tenkning, peike på kritiske faktorar, lage strukturar og hjelpe eleven til å halde motivasjon og arbeidsmoral oppe (Lyngsnes & Rismark 2011, s.62). Gjennom samarbeid med oppgåver der elevane har adskilte men komplimentære roller, kan elevar utfordre kvarandre i deira nærmaste utviklingssonar, og dermed bygge stillas for kvarandre (Lyngsnes & Rismark 2011, s.110). Gruppearbeid er altså avhengig av at elevane ikkje er for langt frå kvarandre i nivå og at oppgåva krever at dei diskuterer, resonnerer og bygger på kvarandre sin kunnskap. Parallellarbeid, der ein jobber med det samme, fungerer derimot dårleg fordi ingen bygger stillas for kvarandre.
Avslutning
I denne oppgåva har eg gjort greie for Vygotsky sin sosiale læringsteori og peika på fem faktorar som ifølge denne teorien er naudsynte for læring. For det første skjer læring i samspel mellom menneske og for det andre må dei ha ein felles situasjonsdefinisjon. Deretter peika eg på at læringa må gå føre seg i den nærmaste utviklingssona til den som skal tileigne seg kunnskap, og at læraren si rolle er å bygge eit kognitivt stillas som eleven kan nytte seg av. Den viktigaste faktoren for læring er derimot språket. Vidare har eg vist kva for praktisk-pedagogiske konsekvensar desse læringsfaktorane har i undervisninga. Kort sagt kan ein seie at teorien fører til at tradisjonell klasseromsundervisning må leggast til side for samtalar, diskusjonar, samspel og spørsmål som rettleier eleven mot ny kunnskap.Sjølv tykkjer eg tanken om ein felles situasjonsdefinisjon kan vere nyttig å ha i bakhovudet, at spørsmåla ein stiller elevane skal stimulere til resonnement og vidare læring, og at gruppearbeid skal formulerast slik at elevane er avhengige av kvarandre for å nå læringsmålet, nemleg at dei har adskilte men komplimentære roller. I det store og heile tykkjer eg derimot at teorien blir for smal. Utan noko som helst sosialt samspel har eg til dømes lært om denne teorien ved å lese om han og å skrive denne oppgåva. Eg har tru på at ein også kan lære utan sosialt samspel og at typisk “puggekunnskap” også er internalisert i det aktuelle utviklingsnivået.

5 kommentarer:
Du innleder med å skape en sammenheng mellom teorien du skriver om og undervisningens hovedformål, nemlig læring. Dette skaper en god ramme for oppgaven din.
Du refererer til hvordan Tharp og Gallimore mener at læreren kan assistere eleven i den nærmeste utviklingssonen. Oppgaven din kan bli enda bedre hvis du gir noen praktiske eksempler på hvordan man kan veilede elevene gjennom feks modellering, forsterking og kognitiv strukturering som du refererer til.
Du gir gode eksempler på praktiske undervisningsopplegg der læreren kan organisere undervisningen slik at elevene gjennom sosialt samspill kan bygge stillas for hverandre. Du gjør rede for hvilke forutsetninger som må være til stede i elevgruppa for at elevene kan utnytte sin potensielle utviklingssone og viser dermed at du har tenkt i gjennom de praktiske konsekvensene teorien medfører.
Avslutningen din er god fordi du reflekterer over teorien og stiller deg til dels kritisk til den.
Du har i all hovedsak skrevet en velformulert og strukturert oppgave.
Innledningen din er veldig god, den starter i det generelle og ender i det konkrete for denne oppgaven/innlegget. Dessuten flyter språket godt i hele teksten - på vakkert nynorsk!
Det var også bra at du har strukturert innlegget så bra, med fem hovedpunkter. Jeg likte at du understreket Vygotskys vektlegging av at læringssituasjonen også må følges av en situasjonsdefinisjon. Fint at du nevner det i starten av hoveddelen, og drøfter det videre med eksempel noe senere.
Det ville vært interessant om du med noen setninger kunne relatert Vygotsky til din egen undervisning, i tråd med oppgaveteksten. Om du ikke er i en konkret undervisningssituasjon for tiden, ville det uansett styrket oppgaven med noen få refleksjoner omkring dette som ikke bare er generelle.
Så lurer jeg på om du er for "hard" mot teorien avslutningsvis (selv om kritisk refleksjon er veldig bra!) - se f.eks Imsen s.259-260 om at tradisjonell tavleundervisning ikke er utelukket i Vygotskys teori. Kan de tvert i mot integreres, i så fall hvordan?
Veldig bra!
Franskelevane mine held på å lære seg vekedagane på fransk. I undervisninga prøver eg å assistere innlæringa etter Tharp og Gallimore sine prinsipp (Lyngsnes & Rismark 2011, s.66-68). Etter å ha skrive opp dagane på tavla, spurte eg om nokon såg nokre like trekk i glosene. «Dei seks første sluttar på di og den siste byrjar på di» svarte den eine eleven. Eg understreka di i alle vekedagane, for å legge til rette for den kognitive struktureringa hjå den enkelte. Så fortalte eg at vekedagane på fransk har fått namn etter ulike planetar, og spurte dei om dei kunne sjå kva for planetar som «gøymde seg» i kvar vekedag. Gjennom assisterande spørsmål, diskusjon og refleksjon fann vi kva for planet som høyrde til kvar vekedag. Deretter spelte eg ein barnesong som låg på youtube der dagane blei repetert til ein enkel melodi med teksten på skjermen. Slik fekk elevane høyre korleis vekedagane blir uttalte, samstundes som dei såg skrivemåten. Denne modelleringa fungerte slik at etter eit par gjennomspelingar, så song elevane med på songen og dei var i gang med å lære vekedagane sjølve. Neste veke skal vi ha gloseprøve i vekedagane, og då får elevane forsterking og tilbakemelding på korleis dei ligg an for å lære vekedagane.
Sjølv om tavleundervisning kan integrerast i Vygotsky sin sosiokulturelle læringssteori - under visse forutsetningar – så har eg forstått det slik at eit grunnprinsipp i Vygotsky sin teori, er at ein lærer kun i samspel med andre. Det er dette eg meiner blir ein for smal innfallsport til læring, med grunnlag i alle som på eiga hand har lært seg noko gjennom å gjere sjølv (jf. Piaget), eller å lese seg opp på eit emne sjølv, og som har enda opp med å lære noko. Altså meiner eg at ein kan lære utan å vere i samspel med andre. Det blir difor aktuelt å innlemme andre teoriar for å gjere greie for all læring, til dømes Piaget sitt prinsipp om at ein lærer gjennom handling – å gjere sjølv – som eg nemnte ovanfor.
Du har skrevet en god og spennende framstilling av Vygotskijs læringsteori. Du knytter gode eksempler til teorien og viser hvordan den kan anvendes. Du presenterer læringsteorien på en sympatisk måte, noe som gjør at leserne kan bli nysgjerrige på å finne ut mer om den.
Du skriver godt og har en klar struktur. Jeg likte godt sammenligningen med Piaget. Der løftet du blikket litt og det ga framstillingen perspektiv.
Når jeg leste bloggen din hadde jeg selv satt meg inn i Vygotskijs teori, og jeg syntes kanskje at det var for lite fokus på språket som redskap. Jeg savnet også begrepet den proximale sone, men det skyldes vel at kilden du bygger framstillingen på ikke har benyttet det.
En flott og bearbeidet blogg! Rett og slett litt proft, med bilder og det hele.
Legg inn en kommentar